Telemarksprøva 10. – 11.08 2024

Då er Telemarksprøva arrangert av Telemark Elghundklubb vel gjennomført. Basen for prøva var i år på
Groven Camping i Åmot i Vinje Kommune. Terrenga som vart brukt under prøva ligger i Vinje og Tokke
kommune.

Forholda under prøva var prega av forholdsvis gode forhold med stabil vind men nokre terreng var utsatt for
ein del kastevind som sjølvsagt gjere forholda noko krevande for ekvipasjane i sitt søk etter elg og hjort.

Etter stormen me hadde for nokre år sidan så var det og ein del terreng som har område med vindfall i
områder mot vest.

Til tross for dette så fant mesteparten av ekvipasjane både elg og hjort på sine prøver.

Det var totalt 9 ekvipasjer ute laurdag og 9 på sundag, av desse så var det fire to dagers hunder.

Vil på vegne av TEHK takke grunneigerar og jaktlag for lån av terreng.

Ein stor takk og til dommere både fra egen klubb og samarbeidende klubber som kom og dømte denne
helga. Me vil og rette ein stor takk til Arvid Juvland som sponsar bandhundarbeidet i klubben.

På solid førsteplass så kom Jegerlivets Fargo NO 37744/23 med fører Torstein frank Wilmot, ekvipasjen
gjekk til imponerande 94 poeng som var prøvens beste resultat. Ekvipasjen fulgte og dette opp med 92
poeng på dag to.

Andre plass gjekk til Slettstrands Storm NO 32068/23 med fører Oscar Kåsa Dehli, ekvipasjen gjekk til 88
poeng.

Tredje plass gjekk til Galtstrømmens BP Tinka NO41236/22 med fører Knut Tore Apeland som gjekk til 86
poeng.

Så hadde me og ein annan stor prestasjon og det var Simen Apeland (14år), sønn til Knut Tore som gjekk
med Galtstrømmens Tinka på dag to av prøven og var nære på å slå sin far i skogen, ekvipasjen gjekk til
imponerande 81 poeng.

Me gratulerer så mykje til alle ekvipasjer for godt gjennomført hunde arbeid i skogen.

Under følger bilder, video og premielister:


Premielistene ligger som PDF filer her, eller gå via meny og Jaktprøver/ Prøveresultater.